Briller

Om briller

Briller kan ha forskjellige funksjonar. Det vanligaste er at brillene har korrigering for langsynthet, nærsynthet, skeive hornhinner og/eller skjeling. Andre anvendelser er solbriller som beskyttar mot ultrafiolett lys, eller som beskyttar mot snø, regn eller annan mekanisk påverknad. Vernebriller beskyttar augene i arbeid der det er ein viss fare for at framandlegeme skal treffe i eller rundt augene, og vera til skade.

For å kome fram til kva type briller som blir anbefalt akkurat deg, vil me begynne med å utføre ein grundig synsundersøkelse. I ein synsundersøkelse hjå oss startar me med å kartlegge noverande synssituasjonen. Me vil også prøve å gjere oss kjende med kva arbeidsoppgåver som vil vera spesielt synskrevande både på arbeidsplassen, heime og på fritida elles. Eksempel her kan vera dataarbeid, sying, notelesing, instrumentspeling, langkøyring, symjing og golf, med mange fleire. Kanskje kan kontaktlinser vera passande for ein eller fleire aktivitetar gjennom dagen? Synsundersøkelsen går deretter ut på å finne graden av synsfeil, sett i saman med samsynsituasjonen for augene. Me undersøker også augene om dei ser friske og normale ut, både utanpå og inni augene. Tørre auger er noko av det me ser etter utanpå augene, mens grå stær, grøn stær og forkalking (AMD) er noko av det me ser etter inni augene. Dersom me ser noko unormalt har me rett til å tilvise direkte til augelege. Dersom det er behov for å ta bilete av augebotnen, også kalla netthinna, gjer me dette på Synsenteret Voss. På bileta studerer me spesielt skarpsynsområde og synsnerva.

 

Etter å ha testa synsfunksjonen grundig vil me saman diskutere kva løysingar som er aktuelle for deg. Avstandsbrille, lesebrille, databrille, progressiv brille, bifokal brille, skytebrille, svømmebrille med styrke, sportsbrille, vernebrille, kontaktlinser eller solbriller med eller utan styrke, er aktuelle løysingar, alt etter kva som er din situasjon og ditt behov.

Ta kontakt for meir informasjon på telefon 56 52 11 00, eller kom innom oss for rådgjeving eller timetinging.

Generell informasjon om briller og tips til vedlikehald

Brilleglasa må handsamast med varsemd for å unngå at overflata vert øydelagt. Ikkje gni brilleglasa utan fyrst å skylja bort harde partiklar/støv. Reingjering av brilleglasa skal gjerast med eit høveleg reingjeringsmiddel. Ved skyljing av glasa må det ikkje brukast varmt vatn. Ikkje utset glasa for temperatur over 60 C. Bruk reine, mjuke pusseklutar.

Brillene skal oppbevarast i etui når dei ikkje er i bruk. Etuiet må vera fritt for harde partiklar. Brillene må ikkje leggjast med glaset ned mot harde overflater.

 Fargeskiftande glas reagerer ved hjelp av UV-lys. Dette gjer at dei ikkje blir særskilt mørke inne i ein lukka bil. 

 Alle brilleinnfatningane våre er produsert i tråd med forskrifta NS-EN ISO12870 som er krav i EU-direktiv 93/42/EØS om medisinsk utstyr. I direktivet blir det mellom anna sett krav til redusert nikkelberøring av huda.  Kravet gjeld for dei delane av innfatninga som ligg tett inntil huda.

 Ikkje bøy på brillene sjølv, bøying må berre utførast av fagfolk. Naseputer bør skiftast dersom dei blir misfarga.

 Ta brillene av og på med begge hender, elles kan brillene lett bli skeive og lause. Alle skruer er behandla slik at dei under normale tilhøve ikkje skal lausne. Det førekjem likevel at dette skjer.

 Kom innom viss brillene dine verkar skeive, sit dårleg eller viss skruane er i ferd med og lausne – me ordnar dette for deg.

 Dersom du har noko å utsetje på dine nye briller, ynskjer me at du tek kontakt med oss enten på telefon eller ved å koma innom butikken. Me ynskjer at du skal væra 100% nøgd.

 

Alle våre brilleglas har to månadar tilvenjingsgaranti på styrke utmålt hjå oss.